Lerketur 170414: Guksabong 464 moh


Me møttes utanfor Admiral Hotel og gjekk opp stien bak hotellet. Nedatt gjekk me stien som ender ved den nye internasjonale skulen i Okpo. Mange var begynt påskeferie denne veka, men me var 10 lerker som hadde ein flott tur saman i varmen.












Me møtte på fleire av desse grønne åmene som hang i lufta.....





















Her gjekk me til høgre ned att ( rett før ein kjem til treningsapparatene)






150414: Jirisan National Park - Cheonwangbong peak 1915 moh

Hausten 2013 gjekk eg også denne fjellturen til Sør-Koreas nest høgaste fjelltopp. No var me klar for å gå turen påny - og oppleve fjellområdet i vårprakt. Me tok buss kl 5.00 frå Okpo og var framme ved Jirisan Nasjonalpark kl 07.00. Me brukte ca 5 timer opp og 3 timer ned, og hadde nydeleg vær med sol, litt vind og 15 grader. Ein fantastisk flott utsikt frå toppen !! 
Takk for ein flott tur :)