Torsdag 31.10.13 var det utflukt til Jirisan nasjonalpark - med mål om å nå toppen ; Cheonwangbong peak, som ligg 1915 m.o.h.
Me var ein gjeng på 9 damer som stod opp kl 04.00 denne morgonen for å få med oss denne flott turen. 5 av oss er med i "Lerkeklubben" og 4 andre i ei anna turgruppe. Danmark, Sverige, Australia, Scotland, USA og Norge vart representert i gruppa! Dette vart morsom då koreanerer me møtte spurte oss: "Where are you from"?
Minibussen gjekk kl 05.00 frå Admiral Hotell i Okpo, og etter 2 timars biltur var me framme ved Jungsan-ri. Me brukte 6 timar på turen opp - og 3 timar på turen ned. Då hadde me mange små stopp undervegs og gjekk i eitt roleg tempo. Heile gruppa gjekk samla og samtlege fullførte turen!
Her kan du følge oss på denne fantastisk vakre og flotte turen opp:
Klar - ferdig - gå !
Kari, Anna,Fiona, Alice, Rikke, Allison, Stephanie, Mandy og Åse Berit
Fantastiske haustfargar på trea no!!
Turleder Rikke forklarer kva "gode råd" på koreansk betyr : )
Her deler stien seg: Opp til høgre i bilete er det ganske bratt (denne vegen gjekk Terje og eg forrige gong). Denne gongen gjekk me vegen som går rett fram på dette bilete, langs elva. Eitt nydeleg område å vandre!
Det heng skilt med advarsel mor å mate bjørnen! OK - greitt!
Liten mat- og drikkepause ved fossefallet
Framme ved Jangteomok Daepiso (Shelter) Her held dei på med nytt bygg/utviding.
Me tok matpausen her isatdenfor på toppen. Nydeleg utsikt også herifrå.
Klar for siste etappe!
I dette området var skogen svidd av på 1950 talet - lite vegetasjon.
YES! We made it!
På toppen - fantastisk utsikt i dette klare været!
Det er trong om plassen på toppen - i helgane må det være vanskeleg å finne plass : ) GRUPPEBILDE; 2 kamerater av fotografen vår vart og med på bildet : )
Så var det å ta fatt på vegen ned att.
Eg hadde kjøpt meg knebeskyttarar før turen - og dei kom godt med.
Ned att : ) PUH !
Gruppebilde
Kafeen ved Jungsan-ri serverer berre koreansk mat, pannekake eller potetkake. Veldig godt!
Sjåføren vår serverte bakt søtpotet då me kom ned.
Her er ho (til venstre) saman med venninna hennar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar