13.02.14: Lerketur

Dagens tur starta ved Xii (Chai) blokkene i Suwol. Me gjekk til toppen rett bak blokkene som er 280,5 moh. Fin bratt stigning første del, etterfulgt av lang strekning rett fram. Litt varmare i dag, nesten vårstemning når sola dukka opp : ) 18 glade lerker hadde ein flott tur!



Cathrine tester sittegruppa som står midt i skogen



Anne Marie nyter kunst i det fri : )



 Elin sin siste lerketur i dag - ho flytter tilbake til Norge neste tysdag. Me kjem til å sakne deg Elin!



På toppen var det plassert eitt fuglebur med undulater inni. 
Svært interressant syns Doggie : )


Flott utsikt over Gohyeon




 Matpause - og sola kom fram : )



Kanskje du treng ein liten kvil?









Tilbake til start! Takk for ein flott tur : )


30.01-02.02: Lunarferie/kinesisk nyttår: KAMBODSJA

30.januar - 2. februar

Kinesisk nyttår eller Lunar er ein av dei viktigaste høgtidene her i Korea. Dei har 2-3 dagar fri + helg, og sidan Terje no følger koreanske fridager, benytta me oss av muligheten til å reise og besøke eitt av landa ikkje så altfor langt herifrå. 

Valet fall på Kambodsja med direkte fly frå Busan til Siem Reap. Flyturen tek ca 5 timar og då landet du 15 minutt frå sentrum og den store attraksjonen Angkor Wat. Til saman er det rundt 90 templer i sjølve Angkor Wat parken som er på eitt 400 km2 stort område. Du kjøper eit dagspass, og velger enten den store turen eller minituren. Eller du kan kjøpe 3 dagers eller 7 dagers pass. Me kjøpte 3 dagers pass og tok "minituren" fyrste dagen og "den store turen" den andre dagen. Det var verdt å spandere minst 2 dager her!Ta Prohm tempelet er kjent frå då Angelina Jolie spelte inn Tomb Raider filmen.


Kambodsja, offisielt Kongeriket Kambodsja ligg i Sør Aust Asia, og grenser til Thailand i vest og nordvest,Laos i nord, Vietnam i aust og søraust, og Siambukten i sør. Det bur om lag 14,8 millioner mennesker der og hovedstad er Phnom Penh. Tidlegare var Angkor hovedstad. De fleste kambodsjanere tilhører khmerfoket og er theravadabuddhister, men landet har også eit betydelig antal muslimske Chamfolk. Eitt land med ei grusom forhistorie - som treng vår støtte - og som turist kan du og bidra!

Det var ca 35 grader dei dagane me var der, varm og godt! Me budde på Angkor Paradise Hotel som hadde svømmebasseng og låg i gangavstand til sentrum. Eitt roleg og flott hotell med god service og nydeleg mat.

Turen var berre heilt fantastisk - verken ord eller foto kan beskrive korleis det var å vandre i tempelområdet - MAGISK!


 Angkor Paradise Hotel



Utsikten frå rommet - balkong med morgonsol : )








Masse flotte skulpturar i resepsjonsområdet på hotellet


Kinesisk nyttår vart markert fleire stader  - mat og røykelse







Veldig fint basseng område! Stille og skjerma frå trafikken 







1. dag: Utforsking av sentrum i Siem Reap


Rett utanfor hotellet var det alltid ledige tuktuk taxi som kjempa om kundane. Den kambodsjanske tuktuken er ein moped med tilhengar, og skiller seg frå dei ein finn i andre land.

 Denne dagen valgte me å gå ned til sentrum. Resten av opphaldet hadde me ein fast sjåfør som fulgte oss heile dagen. Dette kosta 17 - 20 dollar. Taxi ned til sentrum kosta 2-3 dollar - og me benytta oss av dette resten av ferien. Ein fantastisk kjekk måte å komme seg rundt på! Dei køyrer ikkje så fort, men trafikken er tett innimellom, men det går bra : )






Det ligg fleire templer i sentrum som ein kan besøke. 




 Fleire plasser i gatebildet står eitt lite alter med røykelse. Lukten av røykelse fyller sentrum.



 Eitt moderne kjøpesenter med merkevarer gjekk me og forbi. Kontrastfylt!






 Det er mykje ein kan få kjøpe på gata : ville fuglar og vakre blomar





Eitt til tempel






 Avstanden til nabobyane





 Sykkel og moped er det mest vanlege framkomsmiddel, og det var eitt syn! både 3 og 4 på ein moped, og dei sat på kryss og tvers! Lyden av mopedduren og tuting dominerer.






Flott parkanlegg langs elva







Eitt til buddhistisk tempel som me gjekk innom. 








Den kambodsjanske musikken har i stor grad beholdt sin gamle karakter der dei speler på tradisjonelle instrumenter som går tilbake til dagene i Angkor. Dei bruker bl.a ulike perkusjonsinstrumenter laga av bambus og ulike fløyter.













Brenn røykelse langst gatene 


 Det lokale ølet var godt!





Det er mykje fint handtverk å få kjøpt, og innpakkinga er forseggjort. Mange ulike organisasjonar driv institusjonar for gatebarn med produksjon og butikksal. Viktig å støtte lokalbefolkninga og kjøpe varene.




Fargerike klær 


 PUB STREET er vel den mest kjente gata i sentrum. Koslege kafeear og restauranter her. På kveldstid var det høg musikk og yrande liv her - mange backpackere her : )

















 Å sove og ete midt inne i butikken gjer dei her og : )






 Dei lager både skåler og vesker av kokusnøtt









 Fotmassasje til 1 dollar midt i gata.
Eller kanskje gullfiskemassasje til 3 dollar fristar?




Ein vakker Khmer restaurant - nydeleg mat !




Krokodillefarmer er det fleire av som ein kan besøke og ulike produkt kan ein få kjøpt - men det er ulovleg å ta med heim. Så eg nøyer meg med synet!










Dette er markering av kinesisk nyttårsfeiring vart eg fortalt.







Dag 2: ANGKOR WAT - ANGKOR THOM - 


Namnet på sjåføren vår : CHHIN






















































For å kunne gå opp til høgaste punktet måtte ein dekke til skuldrer og knær. Eg hadde med meg tights og jakke som eg tok utanpå klærne mine. Bratt trapp - ikkje for folk med høgdeskrekk. Det var 12 års grense for å gå opp hit.



























Jippi! Eg fekk sjå apekatter : )











Kvar stein i tempelet er nummerert visstnok!




 Då stod Chinn klar for å ta oss med til neste tempel: Angkor Thom




Angkor Thom


































 På spaserturen vidare passerte me ein gigant buddah




BAPUON


















Elefant terassen














"Leper king terrace"






Dag 3: Tonle Sap innsjø og landsbyen KAMPUNG PHLUK






Smale vegar og trongt om plassen innimellom!







Her stoppa me for å kjøpe billett til båtturen. Det var enno eitt stykke langs elva ned til innsjøen. Vegen var svært ujevn - den er vel neppe køyrbar når det regner mykje? Fantastisk raud farge på molda - og nydeleg saman med dei friske grøne rismarkene.



























Her kunne ein padle innimellom MANGROVESKOGEN- me valgte å reise forbi. Kjentes tryggare å være i større båt : )






Ei blid dame som selde kald drikke då me kom ut i open sjø



Restaurant var det også her

















Sjåføren koser seg med musikk mens han venter på oss : )


Klar for ny køyretur 


På veg tilbake til hotellet fekk med sjåføren til å stoppe ved eit lokalt marked. Ingen andre turister her - berre lokalbefolkninga.













Skjermbrett og intravenøsbehandling; "Minisykehus" midt mellom butikkane



4.dag: Tempelbesøk: "Store runde"










BENTEY REI





Ved tempelområda er det mange born som prøver å selge postkort. Foreldre held dei på denne måte vekke frå skulegang. Betre å støtte prosjekt som gjev borna skulegang og ei betre framtid.


Han ville selge oss politiskilt : ) Stilte villig opp til fotografering.


 Endå eit vakkert tempel!




















 Kokusnøtt med sugerør 





Sjåføren tok seg ein velfortent kvil i varmen : )






EAST MEBON
















TA SOM







 Utrulege trær!















På veg ut til Neak Pean














TA PROHM




Heilt utrulege røtter!
















Og me fekk sjå elefant då me var på veg heim





Me fekk og gleda av å oppleve Khmer tradisjonell dans. Utruleg flott!!
Etter forestillinga kunne publikum komme fram og fotograferast saman med dansarane.



Spennande gatemat






Yrande liv om kvelden




Ei flott reise - anbefaler å besøke dette flotte landet!