28.01.14: Busan SpaLand


Ein heil dag med velvære : )

Her skal eg garantert tilbake!


Kari, Anna og eg tok buss til Busan for å utforske og nyte ein dag i Busan SpaLand. Me tok oss ein liten matbit og kaffe på busstasjonen før me tok undergunnsbanen til Central City. 







Spa Land er i samme bygget som Shinsegae kjøpesenter. Det koster 12 000W for å være der i 4 timer. Om ein ynskjer være der lenger kan ein betale ekstra. Du får utdelt nøkkel til garderobeskap + t-skjorte og shorts (str XXL) ved innsjekking. Skikkelege koseklær! Ein har desse klærne på i fellesrom med menn, også i dei mange ulike badsturomma.

 I basseng og boblebad er ein naken - koreanere har eitt svært avslappa forhold til nakenhet. Det var bad i ulike temperaturer og med ulike tilsetninger -  både innandørs og utandørs. 

Med nøkkelen kan du kjøpe drikke på automater, registrere lunch/middag i restauranten og andre tilleggsbehandlinger. Det er masse å velge mellom til ein rimmeleg penge (samanlikna med norske priser) Me betalte 55 000W (300 NOK) for 50 minutter ansiktsbehandling. Heilt nydeleg!! 

Eg testa også 40 minutter liggande i ein "badstu" der ein puster inn ulike urter. Dette skulle hjelpe mot ALT du kunne tenke deg! Følte meg veldig behageleg etterpå iallefall : ) kosta 15 000 W (75 NOK)

Heile anlegget er utruleg lekkert og stort - ikkje problem å vandre her ein heil dag. Det var som å være på ferietur - midt i ein storby!

Ved utsjekking betalte ein for alle varer og behandlinger ein hadde benytta seg av. Veldig greitt system

Her er litt av menyen! Det var utruleg masse å velge mellom.
Anbefales : )





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar