Laurdag morgon køyrte me til Busan - overnatta på Hotel Novotel Busan Ambassador som ligg rett på Haeundae Beach - Koreas mest kjente strand. Ei utruleg flott sandstrand der det på denne tida var god plass.
Me var og innom Busan Aquarium - Pingvinene i Bergen har det betre. Haiane var flotte!
Det var knallflott vær denne helga - nydeleg varmt i sola, og perfekt vær for fyrverkeri festivalen som skulle være kl 20.00 på Gwangalli Beach. Me reiste til stranda ca 2 timer før forestillinga (den varte i 50 min). Me fann oss flott plass på stranda og sat tett i tett saman med ca 1 millioner andre tilskodarar!Før forestillinga hadde folk med seg mat som dei tilberedte og åt på stranda. Fyrverkeriet var utruleg flott - eitt syn!!
Høge skyskraper i alle retningar
Midt innimellom trafikk og skyskraper finn ein grøne lunger for rekreasjon
Busan har og Akvarium - det ligg rett ved stranda
Koslege gater rett bak stranda - tid for ein kaffepause
Deretter tok me undergrunnsbanen til Gwangalli Beach for å få med oss fyrverkeriet kl 20.00. Folk strøymde til frå alle kanter.
Fyrverkeri vart og sendt opp frå Gwangan Bridge
Lange køar og på heimvegen - dei er utruleg gode på å lage god flyt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar