AIKWANGWON - heim og skule for psykisk utviklingshemma
Sjømannskyrkja arrangerte tur til institusjonen Aikwangwon som ligger ca 15 minutters køyretur frå Okpo sentrum. Forrige gong vart det gitt informasjon om historien bak institusjonen, medan me denne gongen skulle delta i kreativt arbeid, tur og måltid.
Det er ein flott institusjon beståande av mange bygningar, vakker hage og ein kafe med utsal av produkt som vert laga av bebuarane.Kafe er open for alle, og har ein flott utsikt!Dei sel også planter frå gartneri!
Me var 10 damer som deltok denne torsdagen - og for dei som ynskjer å bidra i arbeidet vidare, kan ein møte annankvar torsdag i Sjømannskyrkja. Det er mange bebuarar i forhold til ansatte, og institusjonen får hjelp av frivillige lokalt.
"Since 1952, Aikwangwon has been a place of hope for thousands of orphans and persons with disabilities. It's located on Geoje Island in South Korea. It was begun by "The Mother Teresa" of Korea, Ms. Kim."
Video frå institusjonen:
Heimesida til Aikwangwon:
Her møtes me på terassen i Sjømannskyrkja før felles avreise kl 9.30
Aikwanwon
Me delte oss inn i 2 grupper: ei gjekk på tur og ei hjalp til med produksjon av klesklyper og keramikk. Etterpå hjalp me til med lunch/mating
Utsmykking på vegg
Produksjon av klesklyper
Me song "Jeg gikk en tur på stien - koko koko" - og det var populært : )
Oddbjørg fekk god kontakt!
Produksjon av ender i keramikk
Nydeleg uteområde
Lunch : )
Eg kjøpte meg eitt fat og 2 bilete som minne frå denne dagen - fylt av både sterke inntrykk og glede!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar