"Lerkeklubben" møtes kvar torsdag vanlegvis,
men denne veka var det tur onsdagen.
Supert å bli kjent med nye kjekke folk + oppdage nye turmål!
Denne dagen gjekk turen til område i nærleiken av Wahyeon beach som ligg mellom Gujora beach og Jisepo.
Me tok av til venstre for stranda og køyrte denne vegen til endes.
Ingen topptur i dag, men nydeleg skog å vandre i, og ikkje minst ei fantastisk fin steinstrand der me åt nistepakken. Det var ein varm dag, ca 25 grader og overskya.
Ved oppstart fekk eg utdelt merkelapper som turgruppa pleier henge opp i trærne der dei har vore på tur. Dette gjer koreanerane og.
Kva retning skal me?
Er dette rett veg tru? Nei, me må snu : )
Me passerte fleire gravplasser i skogen, og eg fekk vite det var Buddhistiske graver og at vollen er fordi dei vert gravlagt i sittande stilling.
Første band hengt opp - her var me!
GRUPPEBILDE
Mange trappetrinn ned til sjøen
Me passerte ein vakker gård !
Bokhvete som dei lager nudler av
To glade lerker
Lunch pause : )
WC på stranda
Så var det å ta fatt på alle trappetrinnene opp att!
Nytt merke i tre!
Tilbake til starten - og planlegging av tur neste veke
Før me køyrte heim att tok me ein kopp kaffe ved Wahyeon beach.
Mange fine skulpturar i offentlege rom her.
Kaffe!