19.09.13:Guksabong 464 moh


No er Lyshorn bytta ut med Guksabong 464 moh! Fjelltoppen Guksabong(464 moh) ligg rett bak Okpo sentrum. Ein flott trimtur rett utanfor stovedøra! 

Terje hadde fri frå jobb torsdag og fredag pga CHUSOK som er ei stor høgtid her i Korea. Det er ein 3 dagers hausttakkefest og mange butikkar har vore stengt. Me benytta fridagane til å bli litt betre kjent i nærområdet.




  Her ser me ned på Okpo sentrum


Det var ca 30 grader denne dagen, men ein går mykje i skugge. 
Flott å kunne ta pause i dette huset : )



  På toppen!


Utsikt mot Geoje


Det var mange fine blomar - ikkje så mykje som minna om haust enno her





På veg ned att kom me til ein utandørs treningssal. Heilt fantastisk!! 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar