Då er me flytta til Sør Korea og Geoje/Okpo, og inntrykket til no er kjempebra. Dette vert eitt spennande år!
Flyturen gjekk via København - Beijing og
så vidare til Busan. Flyplassen i
Beijing var utruleg flott og me var tydeleg i eitt anna land: ro, lyd av
sildrande vatn frå fontener, eige rom for meditasjon og yoga og lekker design.
I
Asiana Lounge fekk eg smake bl.a grønnsakchips og kikke i mote og interiørblad der eitt og anna ord innimellom var engelsk, elles alt på kinesisk.
Prisen på magasin her er ca kr 20.-
Vel framme på flyplassen i Busan vart me
henta av sjåfør med plakat:
Valemon - Terje Magnar
Han køyrte oss til Hotell
Samsung der me skulle bu fram til det var leilighet klar til oss.
Hotell Samsung er eitt lekkert hotell som
ligg på ei høgde rett ved sentrum. Stille og roleg med nydeleg parkanlegg. Det
er treningsrom og basseng på hotellet som me kan benytte oss av sjølv om me bur
ein anna stad seinare.
Eg gjekk meg ein tur i Geoje sentrum midt på
dagen – ca 28 grader ute så det var varmt og litt fuktig luft. Kvinnene er
opptatt av å beskytte seg mot sola og mange spaserer med parasoll.
Sommarfuglane er kjempestore her!
Markedet er eitt syn! Eldre damer som sit på ein låg krakk eller rett på bakken og sløyer fisk eller skreller grønnsaker. Både levande og tørka fisk i alle varianter
Koreansk kjøkken har mykje spennade å tilby. Det er ikkje alltid betjeningen snakkar engelsk, men me har klart å bestille mat likevel : ) Innimellom har gjester på nabobord stilt opp og oversatt for oss. Foka her er utruleg varme, vennlege og blide!
Her prøver me koreansk bbq som består av mange små skåler med ulike grønnsaker, bla kimchi som er forvella kål. Grill er plassert midt på bordet og ein griller kjøttet etterkvart og legger det inni salatblader. Ingen tallerk - og berre spisepinnar. Det gjekk fint! Nydeleg godt!
Eg måtte også prøve den lokale drikken Soju (som vert samanlikna med vodka - 20%), og som koreanerane drikker mykje av når dei går ut.
Ikkje så mange skilt eg klarer forstå : )
Oversikts bilde av Gohyeon - vakker stad!
Det er her Samsung Heavy Industries ligg, der Terje no jobbar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar