Ut i trafikken : )
Tysdag 17.09.13 gjennomførte Kristin (kollega av Terje), Terje og eg Statoil sitt køyrekurs for å kunne køyre bil her. Først fekk me litt teori før me skulle ut i trafikken og praktisere : ) Me fekk nyttig informasjon om køyrekulturen her i Korea og kva som er ulikt heime. Det er heldigvis høgrekøyring her og! Men me har ikkje vikeplikt for dei som kjem frå høgre, og me kan køyre til høgre i kryss ved raudt lys. Det var nyttig å lære om reglane ved u-sving på motorvegen, dei er det mange av. Elles ligg Korea høgt på ulykkesstatistikken, og trafikken har høg fart og dei ligg svært tett opptil kvarandre. Dei er ikkje flinke til å stoppe for fotgjengarar, så om ein gjer det risikerer ein å bli påkøyrt bak frå. Mange smale einvegskøyrte gater i sentrum her i Okpo, og skiltinga er like gjerne på asfalten då det ikkje er plass til skilt ved vegen. Me er heldigvis vane med smale vestlandsvegar : )
Her er bilen og sjåførlæraren. Eg hadde aldri køyrt med automatgir før heller - så her var det berre å kaste seg uti det!
3 glade personar etter at me alle hadde bestått testen! Heile dagen gjekk med til køyre kurset, og det var ca 28 grader denne dagen.
Etterpå var det feiring på terassen til Kristin (vår nabo)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar