Lerketuren i dag gjekk til Nojasan. Me parkerte på stor parkeringsplass ved HYEYANG TEMPLE i Dongbu. Me gjekk først opp til toppen før me besøkte tempelområdet. Kaldt og rim på bakken enkelte stader, men sol og vindstille på toppen! Nydeleg å eta nisto ute i dag og!
Hyeyang Temple består av fleire tempelbygninger og vakker park. Me traff ingen munk i dag, men kikka inn i 3 av tempelbygningane. Utruleg vakre!
På toppen sitter vakt i ei vakthytte - han fekk jobben som fotograf for gruppa : )
Eva sin adventtermos passa flott i dag - og litt adventssprell vart og framført : )
Tempel nr 1
Tempel nr 2
Tempel nr 3
Her er eitt 4 tempelbygg under oppføring
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar