TETERAPI
Denne mandag føremiddag var heilt fantastisk! Anna, Kari og eg besøkte eitt koreansk tehus og fekk oppleve teterapi : ) Ei nydeleg koreansk dame som ikkje snakker engelsk, men fortel på koreansk om effekten te har på helsa vår. Me fekk demonstrert 3 ulike tesortar; koreansk grønn te, kinesisk te og koreansk gul te. Veldig ulike smakar. Me drakk utruleg masse te - sat der i alle fall i 1, 5 time og drakk og drakk. Den eine teen me fekk var over 40 år gammal! Opplevelsen kan ikkje beskrivast - roen , luktane, puste inn, observere energien, smake, spesielle bevegelsar, og kjenne effekten i kroppen, varmen som brer seg. Det var som ei heilag stund!
I tillegg var me omgitt av fantastisk masse flott kunsthandverk! Nydelege arbeid.
Spesielt båthus!
Og "Drive in " kino! Visstnok ikkje i bruk
Tebordet var spesielt - renner langs kanten som vatnet rann ned i. Ho skylte koppane og kannene i varmt vatn fleire gonger
Vakre tepakkar
Alle sanser vart tatt i bruk : )
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar