Me kjøpte oss billettar på førehand til forestilling ved Busan National Gugak Center. Her er det forestilling kvar laurdag kl 15, og konserten varte ca 1 time.
Me fekk ikkje lov å ta foto under forestillinga, men dei hadde nydelege nasjonale drakter på seg og me fekk oppleve variert musikk og dans.
Kan anbefalast!
Før konserten begynte gjekk me ein tur i nærområdet, før me tok taxi opp til Samgwangsa tempel.
SAMGWANGSA TEMPEL
Dette tempelet ligg på ei høgde med flott utsikt over nærområdet. Tempelområdet er stort og består av fleire bygg.
2014 er hestens år
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar