28.12.13- 12.01.14: GEOJE: Marked,fjelltur, tehus og internasjonale rettar


 Me hadde 14 dagers juleferie heime i Norge og kom tilbake til Okpo den 28.12.13. Synne vart med oss på 14 dagers ferie : ) og fekk oppleve litt av landet og kulturen.
Det var nydeleg å komme tilbake til sol og tørt klima! Men det er kaldt her og på denne tida, så dunjakker, luer og vottar vert brukt.

30.12.13: Okpo marked

Alle deler av fisken vert nytta : )




Søte hundar møter ein mange av her i gatene : )

Bruktbutikk er det også her i Okpo


 31.12.13:
Siste dagen i året fekk me oss ein fin fjelltur opp til Guksabong 464 m.o.h.
Nydeleg sol som varma : ) 





Benkar er plasser fleire stader - flott utsikt og nydeleg sol!


Her i Korea markerer dei ikkje nyttår 31.12 men kinesisk nyttår som er i månadsskifte januar/februar.

På enkelte strender samlast visst folk til soloppgang den 01.01.14. Me tilbrakte kvelden med god middag og pubbesøk i Okpo saman med andre Statoil tilsette m/følge. Kosleg kveld!



 TESEREMONI 07.01.14:
Synne og eg reiste til eit tehus der me fekk smake ulike tesortar og lære korleis nyte tedrikking. Tekanner, koppar & koreansk grønn te er no kjøpt inn.











Internasjonale rettar

Her i Okpo sentrum er det internasjonalt miljø, og stort utval av restauranter frå ulike land i tillegg til dei lokale koreanske:

KOREANSK BBQ



KOREANSK BULGOGI JEONGOL





 Det er svært vanleg at TV står på i dei koreanske restaurantane, og personalet sit gjerne og ser på seriar dersom det er lite kundar.


KOREANSKE PANNEKAKER&GRØNN TE





INDISK RESTAURANT





VIETNAMESISK SHABU SHABU RESTAURANT







JAPANSK RESTAURANT






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar