Kari og eg hadde biltur på øya i dag - mange små spennande stader me enno ikkje har vore på. Øya har fleire templer, men ikkje alle er like godt skilta, og sjølv om dei er skilta er dei ikkje lett å finne.
Spennande med oppdagingstur : )
GEOJE FOLK MUSEUM
Museumet var stengt for vinteren, så her må me nok tilbake til våren ein dag. Vakkert området med nydeleg parkanlegg, skulpturar og mange kimchi krukker.
GEOJE FOLK MUSEUM
Museumet var stengt for vinteren, så her må me nok tilbake til våren ein dag. Vakkert området med nydeleg parkanlegg, skulpturar og mange kimchi krukker.
Spennande skulpturar langs vegen. Fleire stader kan ein sjå trær som er "ramma inn". Under krigen med Japan vart mange trær hogge ned, og nokre av dei som fekk stå har dei laga ramme rundt
GUYLPOSEONG FORTRESS
TEMPEL
Då me kom ut att frå tempelet møtte med munken som budde der - og han inviterte oss inn på te : ) Ei utruleg flott oppleving!
Neste stopp var på ei lita øy heilt nord Chilcheondo - tid for lunch. Kosleg kafe der me kunne velge mellom 4 rettar. Me trudde me bestilte ris og skalldyr, men fekk servert fiskesuppe med dumplins. Godt var det uansett!
Enkelte hus her har heftige fargar!!Knall syns eg!
Langs vegen dukka det opp ein då eitt skilt om tempel- endå ein vakker stad oppi skogen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar